Musikalsk læring i Cyberspace?
Abstract
Det herskar forventningar til korleis sosiale nettverk kan fungere som arena for
uformelle læringsprosessar. Forskingsrapportar (Jokisalo & Riu, 2006; Mcloughlin &
Lee, 2007; Plant, 2004) knyter læringspotensialet i den globale arenaen som slike
nettverk representerer til det kommunikative aspektet som mogeleggjer deling av
informasjon og det å skape ny informasjon åleine eller i fellesskap. Det å forske på
læring i sosiale nettverk dreier seg om å avdekke læringsdimensjonen i den aktiviteten
som går føre seg online. Denne oppgåva tek sikte på å avdekke kunnskap om korleis
YouTube vert nytta til uformell læring i musikk (Espeland, 2010; Green, 2008;
Folkestad, 2008), nærare bestemt i jazzpianoimprovisasjon..
Forskingsfeltet er eit utval på 5 ”jazz piano tutorials” publisert YouTube av medlemmer
i nettsamfunnet, og som representerer maksimal variasjonsbreidde med omsyn til
didaktisk design, fagleg nivå og tilnærming til fagområdet. Forskingsfeltet omfattar
sjølve nettsamfunnet slik det manifesterer seg gjennom brukarane sine ytringar under
kvar einskild video.
Mitt forskingsspørsmål er todelt, og den fyrste problemstillinga dreier seg om kva
affordansar ved YouTube som vert utnytta av medlemene i nettsamfunnet til å skape eit
rom for uformell læring i musikk. Den andre delen av forskingsspørsmålet dreier seg
om kva som kjenneteiknar læringsprosessane som går føre seg på YouTube, med
referanse til sentrale omgrep i det designteoretiske perspektivet som utgjer det teoretiske
fundament for oppgåva.
På det overordna nivået er teoribasen forankra i det konstruktivistiske paradigmet. Det
sosiokulturelle perspektivet er trekt fram sidan dette fangar opp det som går føre seg
online: kulturelle verkty (artefakt), samarbeidslæring og praksisfellesskap influerer på
både kunnskap og læring (Krumsvik, 2007). I tillegg til å trekke inn det sosiokulturelle
perspektivet vil eg tolke sjølve mediet. Multimodal teori (Kress, 2003; Løvland, c2007)
og perspektiv frå sosialsemiotikken (Van Leeuwen, 2005) styrker forståinga av den
totale kommunikasjonssituasjonen på YouTube, og bidreg til å identifisere dei
kommunikative og dei multimodale affordansane i dei 5 ulike videoleksjonane i utvalet.
Forskingsprosjektet er definert som ein kasusstudie. Det er nettsamfunnet YouTube som
er eininga eg forskar på, representert ved 5 videoar som kvar for seg er unike kasus. Til
Masteroppgåve i IKT i læring, HSH 2012
© Øystein Røsseland Kvinge
4
studiet av kvart kasus inngår multimodal analyse av sjølve opplæringsvideoen, analyse
av den tilhøyrande tekstbaserte samtalen mellom brukarane av videoressursen, og i eit
tilfelle intervju med den personen som publiserer videoen. I tillegg kom eg i kontakt
med og fekk intervjue brukarar som ytra seg om eiga musikalsk læring i dialogen knytt
til videoane. For å få eksterne synspunkt og korrektiv på mine eigne fortlaupande
observasjonar, etablerte eg ein diskusjonstråd på nettsamfunnet Allaboutjazz.com om
mitt forskingstema. Dette fungerte etter prinsippet for fokusgruppeintervju der eg
modererte samtalen. Alt innsamla materiale frå feltarbeidet vart normalisert, koda og
analysert ved hjelp av programmet HyperResearch.
Forskingsprosjektet syner at eigenskapar ved YouTube tillet medlemmene i
nettsamfunnet å interagere med fagstoffet og å gripe inn i måten fagstoffet er sekvensert
på. Medlemmene skapar representasjonar av si forståing gjennom imitasjon av fagstoff
og gjennom å ytre seg kritisk i den kollektive dialogen.
Eit mykje utbreidd design av instruksjonsvideo er å synleggjere ei musikalsk framføring
og å tilby utfyllande og utdjupande informasjon parallelt gjennom tekst, notasjon eller
animasjon. Slik er det den synleggjorte musikalske praksisen som primært formidlar
kunnskap i jazzpianoimprovisasjon på YouTube. Gjennom kritiske ytringar i
kommentarfeltet reflekterer nettsamfunnet over utøvarkompetansen til den som
publiserer video og om vedkomande er ein kompetent utøvar av tema han vil lære bort.
Slik vurderer nettsamfunnet kollektivt læringsressursen sin verdi som læringsobjekt.