dc.description.abstract | I denne oppgåva har eg sett på kva ein praktisk/ estetisk tilnærming til læring kan bety for
den kunnskapen som vert utvikla i skulen. Bakgrunnen for dette er at eg har tatt ei
praktisk/estetisk lærarutdanning og ville sjå kor viktig denne lærarkompetansen er i skulen for
å variere undervisninga i ungdomsskulen i dag.
Forskinga er utført i ein åttande klasse der eg nytta drama som metode, kunst og handverk
som teknikk. Denne metoden nytta eg i eit teoretisk fag. Faget eg tok utgangspunkt i var
samfunnsfag, og tema denne perioden var den industrielle revolusjonen i England.
Oppgåva byggjer på Howard Gardner sin teori om multiple intelligensar, som omhandlar dei
ulike intelligensane mennesket nyttar når dei lærer og Lev Vygotsky sin næraste
utviklingssone. Vygotsky hevdar at mennesket lærer av den kompetente andre, dvs ein vaksen
eller ein som kan meir, og som fungerar som ein hjelpar for eleven. I eit sosiokulturelt
perspektiv er kunnskap noko som oppstår i eit samspel mellom det sosiale miljøet og
individet.
Forsking er har tatt utgangspunkt er i hovudsak Anne Bamford sin Wow- faktor. Dette er ei
undersøking som var gjennomført i 2004 i over 35 land. I oktober 2010 starta Anne Bamford
eit prosjekt ”Art and Cultural Education in Norway” på oppfordring av nasjonalt senter for
kunst og kultur i opplæringa. Dette var for å sjå på kva stilling praktisk / estetiske fag og
metodebruk hadde i den norske skulen. Forskinga vart gjennomført frå barnehagenivå til
vidaregåande skule. Forskinga vart ferdig i april 2011. Eit vesentleg funn var at til lengre opp
i skulen elevane kom til meir teoretisk vart undervisninga. På ungdoms- og vidaregåande
skule var det lite rom for praktisk/ estetiske læremetodar.
Aud Berggraf Sæbø (2009) har sett på korleis ein kan styrka kunstfaga for å få eit meir
heilskapeleg perspektiv i elevane si opplæring. | no_NO |