dc.description.abstract | Oppgåva omhandlar segregeringstendensar i Stavanger. Problemstillinga me har arbeida med
er kva som er årsakene til busetjingsmønsteret i Stavanger, og om det finst sosioøkonomiske
skilnadar her. Dette har me forsøkt å svare på ved å undersøke fleire faktorar, der
hovudfokuset vårt er på segregeringstendensar og bustadmarknad.
Me har nytta oss av to datasett for Stavanger med ulik detaljeringsgrad, eit på bydelsnivå og
eit på sonenivå. På grunn av at det ligg mykje informasjon i desse datasetta, har me hatt
moglegheit til å analysere med omsyn på fleire ulike variablar. I tillegg har me data på
bustadmarknaden i Stavanger, som me har knytt opp til dei ulike variablane me har analysert.
I analyseringa av datamaterialet har me nytta ulike indeksar for segregering, korrelasjonar og
spatial autokorrelasjon. Me har brukt teoriar for segregeringsmekanismar, og modellar frå
regionalvitskap for busetjingsmønster i storbyar.
Resultata me til slutt kom fram til var at det fantes små veksande segregeringstendensar i
Stavanger. Ved å studere bustadmarknaden fann me at det finst skilnadar i bustadprisar i ulike
område i Stavanger. Skilnaden i bustadprisar kjem klarast fram på eit aggregert nivå, som
bydelsnivå. Det kan dermed tenkjast at busetjingsmønsteret på bydelsnivå kan vere påverka
av bustadmarknaden. Det er likevel vanskeleg å trekkje ein konklusjon frå dette, då det truleg
kan eksistere ein invers kausalitet her. Me veit ikkje om bustadprisane varierer på grunn av
segregering, eller om segregeringstendensane kjem som følgje av at bustadprisane varierer.
Når me studerte sonenivå var det her mindre variasjon i bustadprisar, og busetjingsmønsteret
på dette disaggregerte nivået kan truleg betre forklarast av andre årsaker som kan skape
segregeringstendensar. Det finst sosioøkonomiske skilnadar i Stavanger, men desse er ikkje
utprega store. | no_NO |