Holdning og omsorg
Abstract
Bakgrunn for val av tema: Diagnosen kronisk utmattingssyndrom blir ofte omtalt som Myalgisk Encefalopati/ Chronic Fatique Syndrom (her etter forkorta til ME/CFS). Det er ein komplekssjukdom med ukjent årsak og sjukdomsmekanisme. I følgje Wyller (2011), er det anslagsvis 9 – 18000 personar i Noreg som har fått konstatert diagnosen ME/CFS. Talla tyder på at det i fleire land, inkludert Noreg, har vert ein reell auking av antall tilfeller i løpet av dei siste tiåra. Det finnes per i dag ingen hellbreiande behandling og lite dokumentasjon på lindrande behandling, noko som er med på å gjer det utfordrande samt for oss sjukepleiarar som møtar denne pasientgruppa i praksis. Menneske som blir ramma av ME/CFS følar seg ofte misforstått og aleine med sjukdommen.
Problemstilling: ”Korleis kan ei sjukepleiars holdning i møte med pasientar med kronisk utmattingssyndrom (ME/CFS) påverka omsorga?” Oppgåvas hensikt: Hensikta med oppgåva er å få meir kunnskap om korleis ein bør forholda seg til pasientar med alvorlig ME/CFS, samt bidra til å auka bevisstheita på holdninga til sjukdommen og pasienten.
Metode: Oppgåva er ein litteraturstudie. Eg har brukt eksisterande litteratur og forskingsartiklar for å finna svar på oppgåvas problemstilling. Søkemotorane CINAL og Amed blei brukt for å finna fram til forskingsartiklane. Eg har nytta søkeorda: Chronic fatique syndrome, care, nursing, experience, care experience, dignity og attitude.
Resultat/ oppsummering: Holdninga som sjukepleiaren har i møte med ein ME/CFS pasient visar seg å spele ei stor rolle i pasientens oppleving av omsorg. Skal sjukepleiaren fremma god omsorg er det nødvendig at sjukepleiaren har ei holdning som anerkjenne både pasienten og sjukdommen.