Språk og åtferd, to sider av same sak?
Abstract
- Bakgrunn og føremål:
Interessa for tema språk og åtferd har gradvis auka i samband med mitt arbeid som
spesialpedagog på PPT. Med bakgrunn som førskulelærar og logoped er barn sitt
språk i førskulealder det eg har størst interesse for, og som eg arbeider mykje med.
Føremålet med denne undersøkinga har vore å få ei djupare forståing for temaet
språkleg kompetanse. Dette temaet har eg sett i lys av åtferdsvanskar i førskulealder.
- Problemstilling:
Undersøkinga si problemstilling er formulert slik:
Kva kjenneteiknar den språklege kompetansen til eit utval barn i barnehage som er
tilmelde PPT, der tilmeldingsgrunnen er åtferdsvanskar?
Problemstillinga er utdjupa med følgjande forskingsspørsmål :
1. Kva kjenneteiknar barna sine språklege ytringar i sosialt samspel?
2. Korleis er barna si forståing av talespråket i sosialt samspel?