Augo som ser… : korleis ser barnehagen på språk og sosialt samspel når dei vurderer utvikling hos born?
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/150591Utgivelsesdato
2009Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn for undersøkinga Barnehagen vert sett på som den viktigaste førebyggjande arena utanfor heimen for born i førskulealder. Det er i dag semje om at tidleg innsats er beste hjelp til vekst og utvikling. Rammeplanen seier at barnehagen har eit særskilt ansvar for å førebyggja vanskar og å oppdaga born med særskilte behov. Tiltak sett i verk i førskulealder syner seg å ha størst effekt, både i førebyggjing av samspelsvanskar og språkvanskar. Språkstimulering og utvikling av sosial kompetanse kjem inn under barnehagen sine grunnleggjande oppgåver For å kunna fanga opp språkvanskar tidleg må barnehagen ha grunnleggjande kunnskap om normalutvikling og språkstimulering. Personalet må vita kva dei ser etter, og målet må vera å setja inn hjelpetiltak så tidleg som mogeleg for å hindra at vanskane veks seg større. Sosialt samspel er ein føresetnad for at barnet skal kunna utvikla seg vidare, både intellektuelt, følelsemessig og sosialt, og vert framheva som ein føresetnad for utvikling av språklege og kommunikative ferdigheiter.