Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorMidtun, Elisabeth Kapstad
dc.date.accessioned2009-03-10T10:49:12Z
dc.date.issued2008
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/150583
dc.description.abstractBakgrunn og føremål: Undersøkinga er ein delstudie knytt til studien ”Ut med språket” (UMS). UMS-studien er eit samarbeid mellom Statped Vest, Universitetet i Bergen og ein kommune i kvart av fylka, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Studien er longitudinell og omfattar barn frå 5-8 år der føremålet er å identifisere 5-åringar som står i fare for å utvikle lese-, skrive- og/eller matematikkvanskar, utgreie dei med eit sett av kognitive testar og trene dei med databaserte treningsprogram. Føremålet med delstudien er å samanlikne dei barna i UMS-studien som har svakast språkforståing ved 5 års alder (språksvakegruppa) på deira utvikling av ord- og setningsforståing, med dei resterande barna (typiskgruppa) ved 6, 7, og 8 års alder. Det er også av interesse å sjå om der i språksvakegruppa, er barn i risikosona for å ha spesifikke språkvanskar (SSV). Resultat og konklusjon: Analysane viser at det ikkje er ein signifikant skilnad mellom språksvakegruppa og typiskgruppa på ordforståing, medan det er ein signifikant skilnad mellom gruppene på setningsforståing. Den signifikante skilnaden mellom gruppene på setningsforståing, kan gi indikasjonar på at enkelte av barna i utvalet har SSV. Vanskar med grammatikken ser ut til å vere ein sentral vanske for SSV barn, og sensitive risikomarkørar er morfologi og syntaks. I fylgje dagens forsking, er hypotesa om begrensa prosesseringskapasitet i arbeidsminnet sentral i forståinga av barn med SSV. Ved hjelp av TROG, ser det ut som om ein kan få informasjon om både grammatiske vanskar og mogleg avgrensa spennvidde i prosesseringa og/eller minnet.en
dc.format.extent441349 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.language.isonoren
dc.subjectspråkvanskeren
dc.subjectordforståelseen
dc.subjectsetningsforståelseen
dc.subjectspesialpedagogikken
dc.titleOrd- og setningsforståing i lys av spesifikke språkvanskar : ei samanlikning av utvikling av ordforståing og setningsforståing hos ei gruppe barn med svak språkforståing og ei gruppe barn med typisk utviklingen
dc.typeMaster thesisen
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Education: 280::Special education: 282en


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel