Raudt lys, full fart – på veg mot eit betre arbeidmiljø : medarbeidertilfredsheitsundersøking som verktøy for leiing og læring
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/150564Utgivelsesdato
2010Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Føremålet med denne studien har vore å undersøkje om den årlege medarbeidertilfredsheitsundersøkinga i Statens vegvesen er eit verktøy for leiing og læring. Gjennom å ha intervjua 8 leiarar i 3 av Statens vegvesen sine 5 regionar, viser funna følgjande: Leiarane opplever medarbeidertilfredsheitsundersøkinga som eit verktøy for leiing og læring. Resultat etter medarbeidertilfredsheitsmålingane, der enkelte leiarar endar opp med raud score er tøffe påkjenningar. Likevel vert dei motiverte til å ta tak i utfordringane. Medarbeidertilfredsheit er eit målkrav i organsisasjonen, på lik linje med andre mål. Funna viser at leiarane er opptatt av å nå måla. Å nå fastsette mål er ein viktig motivasjonsfaktor. Funna viser at medarbeidertilfredsheit er ein del av målstyringssystemet i etaten, og manglande måloppnåing vert fulgt opp på lik linje med andre mål. Når resultatet føreligg vert det gjennomført prosessar med dei tilsette, for å setje tiltak. Dette er dei viktigaste årsakene til at undersøkinga vert opplevd som eit verktøy for leiing og læring.