Lille speil på veggen der.... : ein analyse av identiteten på to vidaregåande skular i Sogn og Fjordane
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/150546Utgivelsesdato
2008Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Oppgåva er eit avsluttande arbeidskrav på Masterstudiet i organisasjon og leiing ved høgskulen i Sogn og Fjordane. I følgje studieplanen har masteroppgåva desse læringsmåla: - bruke vitskaplege metodar på ei bruksretta problemstilling - avgrense og operasjonalisere ei komplisert problemstilling - arbeidet med empiriske data frå organisasjons- og arbeidsliv - presentere empiriske data eller analytiske resonnement på ein samanhengande måte - analysere empiriske data gjennom relevant teori. Bakgrunnen for val av problemstillinga er at eg gjennom arbeid i vidaregåande skule har registrert at det er ulik grad av stoltheit og identitet knytt til det å vere tilsett på skulen. I oppgåva gjer eg først greie for kva teoretisk forankring eg har valt. For meg har det vore naturleg å legge tyngda av refleksjonane rundt verdiar og visjonar. Med desse nøkkelorda i botnen har eg bygd vidare resonnement til syn på konkurranse, mediabruk, samarbeid og forhold til omverda, for å nemne noko. Eg ser også på kva samspel det er mellom identitet, omdøme og kultur. Eg har valt å samle inn empiri ved kvalitative intervju mellom leiarar, lærarar og elevar på Hafstad vidaregåande skule i Førde og Firda vidaregåande skule i Gloppen. Materialet blir analysert kvalitativt, men funna er også omarbeidd slik at dei lèt seg teste kvantitativt. Undervegs i analysearbeidet har det også dukka opp behov for å teste nokre konkrete funn med tilgjengeleg statistikk. Analysen viser at det er signifikant skilnad i identitetskjensla på dei to skulane. Både leiarar, lærarar og elevar på Firda gjev utrykk for at dei kjenner seg meir i eitt med skulen. Særleg elevane på skulen tykkjer visjonen ”Firda – meir enn ein skule” er svært dekkande. Hafstad-elevane er meir nøytrale i forhold til visjonen sin. Lærarane og leiarane på Hafstad gjev ved fleire høve signal om at dei er prega av ein skule med høg gjennomsnittsalder. Dette er ein av forklaringane dei gjev på at skulen har vore lite utviklingsorientert. I svara frå elevane på Hafstad er dei og eit gjennomgåande tema at skulen ikkje tar like godt vare på programområdet service og samferdsle. Svara frå Hafstad er også prega av at det er ein samanslegen skule, og ein djuptgripande personalstrid på byrjinga av 2000-talet heng litt igjen enno. Fleire av lærarrespondentane på Hafstad gjev også utrykk for at den viktigaste identitetsbygginga skjer i det daglege gjeremålet i klasserommet. Dette er også viktig for Firda-lærarane, men dei peikar i lag med leiarane og elevane på fleire arrangement som dei meiner samlar skulen. Respondentane på Hafstad kan ikkje vise til liknande arrangement i like stor grad. Karakternivået har også blitt eit tungt element i rapporten. Eg presenterer talmateriale som viser at det blir gjeve høgre standpunktkarakterar på Hafstad enn på Firda. Når Det gjeld eksamenskarakterar, er situasjonen motsett.