Kurs i meistring av depresjon : eit utgangspunkt for å studere kompetanseutvikling i kommunane sitt psykiske helsearbeid
Abstract
Gjennom ulike nasjonale styringsdokument gjev styresmaktene signal om at lærings- og meistringstilbod skal auke i helsesektoren. Føremålet med studien er å søkje kunnskap som kan medverke til å betre føresetnadane for kompetanseutviklingsarbeid i høve til psykisk helsearbeid i kommunane, og studien dreiar seg i stor grad om haldningar, utfordringar og vilkår i arbeidet med å leggje til rette for kompetanseutvikling i ein slik samanheng. Undersøkinga er gjort hausten 2009. 7 informantar er intervjua ut frå ein kvalitativ metode med uformelle intervju. Funna tyder på at kva tenesteleiarane kan gjere for å leggje til rette for kompetanseutvikling først og fremst ser ut til å henge saman med ansvarsområde, kontrollspenn, omgrepsforståing og kompetansenivå. Har tenesteleiarane fleire ansvarsområde og store kontrollspenn, ser dette ut til å gå på kostnad av møtepunkt med dei tilsette. Tenesteleiarane leiar gjennom sine tilsette, som får drive med det dei er gode på og motiverte for. Kid- leiarane sitt eige overskot og ansvar blir dermed avgjerande for kva tiltak som blir sett i verk i den einskilde tenesta
Description
MR690 Masteroppgåve i organisasjon og leiing, høsten 2010