Det nyttar ikkje å vere soloartist her : ein studie om tverrfagleg samarbeid som reiskap for kontinuerleg forbetring i komplekse rehabiliteringsprosessar
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/150497Utgivelsesdato
2009Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Titttel og samandrag: ”Det nyttar ikkje å vere soloartist her” - Ein studie om tverrfagleg samarbeid som reiskap for kontinuerleg forbetring i komplekse rehabiliteringsprosessar, og i så fall korleis. Studien har som føremål å utvikle kunnskap knytt til om tverrfaglig samarbeid kan fungere som reiskap for kontinuerleg forbetring i komplekse rehabiliteringsprosesser. Ein kvalitativ metode er nytta, og dei empiriske undersøkingane baserer seg på uformelle intervju av ni tilsette frå åtte ulike faggrupper ved ei rehabiliteringseining i spesialisthelsetjenesta.
Funna i studien syner at: Ein legg vekt på det uformelle samarbeidet. Opplæring i tverrfagleg arbeid ser ikkje ut til å vere sett i system, men erfarne fagpersonar kan ha uformelle funksjonar som rollemodellar. Ein ut til å prioritere at dei same personane fyller faste funksjonar, framfor å skreddarsy fleksible løysingar for den einskilde pasient. Det synest å vere ein medviten strategi frå leiarane si side at faglege avgjerder blir fatta kollektivt gjennom felles tverrfaglege drøftingar. Det kan sjå ut som at verdiane knytt til tverrfagleg samarbeid og påverkar utøvinga av leiarskap.
Beskrivelse
MR690 000