Sjukepleieleiaren sitt arbeid med kompetanseutvikling i sjukehus - sett i lys av erfaringar med innføring av sjukehusreforma
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/150491Utgivelsesdato
2006Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Sjukepleieleiaren sitt arbeid med kompetanseutvikling i sjukehus
– sett i lys av erfaringar med innføring av sjukehusreforma
Studie har som formål å få kunnskap sjukepleieleiarar på sengepostnivå si rolle i arbeidet med kompetanseutvikling. Det er nytta ein kvalitativ metode i form av uformell intervjuing. Utvalet består av åtte sjukepleieleiarar ved fire sjukehus innan eit lokalt helseforetak. Datamateriale er analysert etter Kvale (1997) sin analysemodell. Funna i studien syner at sjukepleieleiarane ser på seg sjølv som sentrale i arbeidet med kompetanseutvikling for sjukepleieprofesjonen, men tid og fokus arbeidet får har store variasjonar. Rammevilkåra for å kunne drive ei fagleg forsvarleg og kvalitativ god sjukepleieteneste synes utfordra i samband med sjukehusreforma. Administrativt arbeid vektleggast framfor fagleg arbeid. Institusjonelle tilhøve som tidlegare var med å sikra arbeidet med kompetanseutvikling, er ikkje tilstades på same måte. Dei einskilde sjukepleieleiarane er meir overlagt til seg sjølv. Organisasjonsansvaret i høve kompetanseutviklingsarbeidet ser ikkje ut til å vere oppfylt etter intensjonen med innføring av sjukehusreforma.