Læring, kompetanseheving og personleg meistring : erfarne sjukepleiarar sin kvardag
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/150489Utgivelsesdato
2006Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Læring, kompetanseheving og personleg meistring - erfarne sjukepleiarar sin
kvardag
Målet til studien er å få kunnskap om erfarne sjukepleiarar sitt arbeid med læring,
kompetanseheving og utvikling av personleg meistring. Det er nytta ein kvalitativ
metode med halvstrukturert form på intervjua. Utvalet består av seks erfarne
sjukepleiarar ved seks ulike sengepostar, ved tre ulike sjukehus på vestlandet.
Datamaterialet er analysert i samsvar med Kvale (2001) sin analysemodell over seks
trinn. Funna i studien viser at erfaringsbasert kunnskap som er teoretisk forankra, har
gjort erfarne sjukepleiarar trygg både som fagperson og som menneske. Arbeidsmiljø,
fagleg nettverk og refleksjon over eigne handlingar var viktig for å få ein god
læreprosess. Uballanse mellom høve til å halde seg fagleg oppdatert, knappe ressursar
og krav var slitande, og dette var ein viktig kontekst for opplevinga av personleg
meistring.