Sliten kunnskapsleiar eller glødande motivator? : ein studie av korleis sjukepleieleiaren arbeider med læring i sjukehusavdelingar
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/150473Utgivelsesdato
2008Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Føremålet med studien har vore å sjå på korleis sjukepleieleiarar arbeider med læring og kunnskapsutvikling i sjukehusavdelingar som er praksisstad for sjukepleiarstudentar. Eg har fokusert på korleis samhandling mellom praksisplass, student og høgskule påverkar kvardagen i sjukehusavdelingane. På den måten vil eg vise kva som påverkar læringsprosessar i avdelinga. Eg har nytta ein kvalitativ metode med uformelle intervju av 7 utvalde sjukepleieleiarar frå eitt helseføretak. Informantane leia avdelingar som var praksisplass for sjukepleiestudentar våren 2008. Informantane var einige om at det uformelle arbeidet med læring i avdelingane stod sterkt, medan det formelle arbeidet fungerte dårleg. Det såg ut for at dette hang saman med leiarane sine arbeidsvilkår i helseføretaket. Leiarane meinte at fokus på læring ville vorte mindre om avdelingane ikkje hadde studentar i praksis. Eg trur at ved å arbeide med læring og kunnskapsutvikling i avdelinga, er leiarane med på å heve kompetansen i helseføretaket. Helseføretaket bør difor vurdere tiltak som gjer det mogeleg for sjukepleieleiarane å arbeide meir systematisk med si eiga rolle som kunnskapsleiar.