Validitet, reliabilitet og læringseffekt av Andersen-testen
Abstract
Bakgrunn: Testing av fysisk form hjå barn og unge er viktig for å gi helsearbeidarar, lærarar, foreldre og forskarar viktig informasjon. Å undersøkja utvikling av fysisk form over tid gjev moglegheit for å vurdera effekten av ulike tiltak. Det er difor viktig å utvikla gode indirekte testar som er enkle å gjennomføra, kostnadseffektive, reliable og valide. Andersen-testen er ein av dei nyare indirekte testane som er utvikla for å testa fysisk form hjå barn. Føremål: Å undersøkja kor valid og reliabel Andersen-testen er for 10-åringar validert opp mot direkte målt VO2peak ved løp til utmatting på tredemølle. Dette inneber også å undersøkja om det er ein læringseffekt ved gjentakande bruk av testen. Metode: I løpet av ein månad gjennomførte 50 10 år gamle barn ei direkte måling av VO2peak ved løp til utmatting på tredemølle og tre Andersen-testar. Dette var T0-Fam (familiseringstest), T1 (test 1) og T2 (test 2). Resultat: Det vart funne sterk korrelasjon (r=0,797) mellom tal meter sprunge på Andersen T2 og direkte målt VO2peak ved løp til utmatting på tredemølle. Det var signifikant skilnad på tal meter sprunge mellom T0-Fam og T1 (p<0.05). Mellom T1 og T2 var det også ein auke i tal meter sprunge, men denne er ikkje signifikant (p>0.05). Det var ein svært sterk korrelasjon (r=0,961) mellom T1 og T2. Det vart funne bias i den originale likninga for estimering av VO2peak (Andersen at al., 2008a). Det er difor utvikla ei ny likning for estimering av VO2peak.
Konklusjon: Andersen-testen er valid og reliabel og kan difor nyttast for å testa fysisk form hjå 10-åringar. For å oppnå like sterk samanheng mellom Andersen-testen og direkte målt VO2peak er det viktig å gjennomføra Andersen-testen etter dei same strenge prosedyrar som i ASK-pilot. Resultata frå studien kan tyda på at det er ein læringseffekt ved gjentakande bruk av testen. Det bør difor gjennomførast minimum ein familiseringstest for å få eit reliabelt og valid resultat på Andersen-testen. Ved gjennomføring av to familiseringstestar vil dette auka reliabiliteten og validiteten.