Poretrykksmålingar i ei skredutsett dalside
Abstract
Føremålet med denne kandidatoppgåva er å få nærare kjennskap til skred og skredprosessar i høve til poretrykks- og nedbørsmålingar og korleis desse heng saman og verkar inn på kvarandre. Ved målingar og observasjonar, håpar me å kunne finne ut meir om samanhengen mellom desse faktorane og tidspunkt for skredhendingar.
Dette skal vere fyrste steg i eit føregangsprosjekt der målet til slutt vil vere å finna ein terskelverdi for nedbør og poretrykk som igjen kan seie noko om skredfaren i eit bestemt område. Dersom det fins ein samanheng mellom desse faktorane, kan utplassering og instrumentering av nedbør- og poretrykksmålarar i skredutsette dalsider vera til hjelp i varsling og eventuell evakuering ved skredhendingar.
I denne oppgåva har me studert ei skredutsett dalside i Anestølsdalen (Figur 1) i Sogndal kommune. Me har kartlagt to lausmasseskred som gjekk i denne dalsida i 2004 og 2007. Vidare har me bora fire peilebrønnar i same dalsida som går ned i grunnvatnet, og sett ned tre poretrykksmålarar (diverar) som har målt vasstanden 6 gongar i døgnet frå november 2009 til mai 2010. Me har også sett på kornfordelinga av skredmaterialet i dalsida.