Barns medverknad i barnehagen
Abstract
Formålet med oppgåva var å finne ut i kva grad barna kan medverke i forhold til turar til naturleikeplassen og kva rolle førskulelæraren hadde i dette. For å innhente data nytta me ei kvalitativ forskingsmetode. Me nytta ein førskulelærar og åtte barn, i tillegg til at me fekk tak i ein førskulelærar til for å få fleire synspunkt. Førskulelærarane og barna vart intervjua og me gjennomførte to opplegg der me tok barna med til naturleikeplassen. Opplegget gjekk ut på at barna skulle medverke når det gjaldt planlegging, gjennomføring og etterarbeid av tur. På den første turen var barna deltakande og dei vaksne styrte, medan rollane var motsett på den andre turen. Me har sett data frå intervju og observasjon opp mot teori om medverknad
Description
Førskulelærarutdanning
ID 384
Mai 2010