Ingeniør forkurs tresemester : 10 år med intensivkurs i matematikk
Book
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/149547Utgivelsesdato
2007Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Tresemesterordninga gir opptak på ingeniørutdanninga basert på generell
studiekompetanse. Ved HSF omfattar ordninga eit seks vekers sommarkurs
i matematikk (2MX/ 3MX) og eit fysikkurs (2FY) med obligatorisk
frammøte og mappevurdering. Undervisninga har vore basert på
konstruktivistisk læringsteori, med oppgåverekning og gruppearbeid i
tillegg til førelesingar. Det har vore lagt vekt på undervegs- og
sluttevaluering. I åra 1997 – 2006 fullførte 92 % av 128 studentar
sommarkurset. 95 av desse starta på ingeniørutdanninga, dette var 41 % av
alle nye studentar. Tresemesterordninga har fungert godt både for
studentar som kom rett frå vidaregåande og for personar med nokre års
røynsle frå arbeidslivet.
Serie
HSF Rapport4/2007